Konfektsmaking med Sjokoladenoter

1000003961

Sjokoladenoter tek turen opp til Eidsbugarden frå Vennis, med mykje forskjellige typer konfekt i kofferten. Smak deg gjennom heile utvalet spennande konfekt, håndlaga like nedi dalen. Og høyr om korleis det er å drive ein liten sjokoladebedrift i vesle Vang. Sjokoladenoter set spesielt fokus på håndverk, gode smakar og smakskombinasjonar.

Dei legg og vekt på utsjånad, ja, auga et før magen. Der dei kan, brukar dei lokal frukt, bær og urter, gjerne frå eigen hage, og berre den beste sjokoladen frå Valrhona (B-corp sertifisert).

Ta med deg dessertmagen og kom!

Ting konfektsmaking

Gradering: Grøn 

Plassar: 12 plassar 

Pris: 400,-

Tidspunkt

  • fredag: 11:00-12:00
  • fredag: 12:30-13:30

Utstyr: Smakslaukane

Oppmøte: Lyngen (om fint vær) eller storteltet (om dårlig vær)

 

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.