Kajakktur

Kajakkurs Ina Solem

Kajakktur

Har du en draum om å padle kajakk i høgfjellet? No har du mogelegheita. Bli med DNT ung på ein kajakktur på sjølve Bygdin! Me padler langs Bygdin før me vurderar å gå i land eller gjere noko anna gøy undervegs. 

For å delta på turen er det nødvendig at du har sete i ein havkajakk og er trygg på kameratredning.

Ting kajakktur

Gradering: Grøn

Plassar: 10 per kurs 

Pris: 900,- 

Tidspunkt: 

  • fredag: 13:30-16:00
  • laurdag: 13:30-16:00

Utstyr: 

  • Ullundertøy innerst på kroppen 
  • Hue, vottar, buff/skjerf
  • Vindtette ytterklær 
  • Tørt skift til alle plagg - hugs tørre sko. Ved velt blir heile du blaut, men du kan fint padle i tjukke sokkar eller sandalar. 
  • Handkle
  • Noko lett å ete, varm og kald drikke 
  • Solkrem og solbriller (me satsar på varmt sommerver) 

Det vil ikkje bli lånt ut våt/tørrdrakter. Turen gjev ikkje sertifisering til våttkort eller introkurs til havkajakk.

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med Møteplass 10 minutt før kurs.

Kurset er i regi av DNT ung

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.