Fjellswing

53059810923 Bdd67c405c O (1)

Fjellswing

Har du lyst til å ha det swingande moro i fjellheimen? Meld deg på fjellswing, då vel!

torsdag- og fredagskursa vil ein lære seg ein type 4-takts folkeswing, ypparleg for festival og moro, med Ingrid Bergo Aarvik og Erik Brettingen Johansen. Du treng ikkje å ha dansa noko før. Her byrjar vi med det grunnleggande og byggjer vidare med artige turar som gjer det lett å svinge seg på dansegolvet. Dansen er allsidig og leiken, fungerar godt til både rask og rolegare musikk, og har plass til mange kjekke sprell.

Laurdagens kurs er med Josefine Totland og Hallvard Øfstaas. Dette er ein type rockeswing som dei har lært heime av familie og venner. Du kan kalle det ein «kjøkkenswing» om du vil. Det er ein 4-taksswing som passer for å lage show for eller vise seg langt inn i de seine nattetimar. Vi kjem til å ha fokus på heilheit i dansen og lette turar som egnar seg til rask musikk.

Kurset vil vara i 2 timar. Lenge nok til å ha det moro, kort nok til å ikkje gå glipp av alt anna på festivalen.

Hugs å melde deg på som «førar» eller «bli ført» alt etter kva du ynskjer å dansa som. Det er ikkje nødvendig å ha dansepartner for å melda seg på.

Swing deg i mektig natur og meld deg på! 

Ting fjellswing torsdag 13:00

Ting fjellswing fredag 11:00

Ting fjellswing laurdag 11:00

Ting fjellswing laurdag 16:00

Gradering: Grøn

Antal plassar: 20 

Pris: 400,-

Tidspunkt:

  • Torsdag: 13:00-15:00
  • Fredag: 11:00-13:00
  • Laurdag: 11:00-13:00
  • Laurdag: 16:00-18:00

Utstyr:

  • Godt humør
  • Sko som er mogeleg å danse i (for følgere er det anbefalt med glatt sole)

Oppmøte: Lyngen (plattingen ved Parkscena)

 

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.