Elvepadling

Elvepadliing

Elvepadling

Klar for det aller heftigaste kurset på Vinjerock? Kurset startar med ei økt om utstyr, sikkerheit og rutinar for ein elvepadlar. Så får alle kvar sin kajakk med komplett utstyr og det vert ei teknikkøkt på flatt vatn. Som ei grande finale tek me med kajakkane opp i Mjølkedøla, og den som føler seg klar for det kan få padle sitt fyrste elvestryk under stødig oppsyn av instruktørane.

Med andre ord har du her ei ypperleg moglegheit til å finne ut om elvepadling kan passe for deg. Men hugs: Du vert garantert blaut.

Lån av kajakkar og anna padleutstyr er inkludert.

Kurset er i regi av Jørn, Eivind og Malcom.

Ting elvepadling

Gradering: Blå 

Plassar: 6 plassar per kurs

Pris: 950,-

Tidspunkt: 

  • Torsdag 17:00-20:00
  • Fredag 10:00-13:00
  • Fredag 15:00-18:00
  • Laurdag 10:00-13:00

Utstyr:

  • Ullundertøy
  • Sko som tåler å bli blaute
  • Handkle
  • Varmt skift

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass" 

Gradering av turar

Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.

Grønn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.