Rustegge

fredag 19.07 kl. 10.00
Tur Inasolem 4

Luftetur til Rustegge (1500 moh.)

Bli med oss på ein luftig tur til Rustegge, nordvest for Fondsbu. Turen startar ved DNTs turinfo og går fyrst på hytteveg før me går over på DNT-merka sti i retning Skogadalsbøen. Ved stikrysset i nærleiken av Rusteggvatnet finn me beste veg i nordleg retning oppover mot toppen. Me nyt ei god matpakke med slåande utsikt før me bevege oss attende til festivallivet på Eidsbugarden. 

Turen inneheld ingen eksponerte partiar, men den siste biten opp mot Rustegge kan kjennes noko luftig. Delar tå turen får i ur og ulendt terreng og me må rekne me å passere nokon snøfonner på veg mot toppen. Det er lurt med gode og solide sko. 

Turen til Rustegge er beregna til ca. 5 timar med ganghastigheit på 3 km/t. Tidsbruk vil sjølvsagt avhenge av vær- og gruppeforhold. Gje beskjed til turleiar(ar) om du har behov for tilpasninger på turen.

Ting Rustegge

Gradering: Blå

Plassar: 12

Pris: 350,- 

Tidspunkt:

  • Fredag klokka 10:00-15:00

Utstyr: 

  • Gode sko
  • Stor og god matpakke
  • Stor vatnflaske
  • Varme klær (vind- og vanntett skalljakke, huve, vottar, buff, ullundertøy, ullsokkar)
  • Sitteunderlag
  • Solbriller og solkrem

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass" 15 minutt før avgang

Turen er i regi av DNT Ung

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.