Vinjepride

fredag 19.07 kl. 11.30
Joakimmangen Vinjerock Fre 24000Px 7026

Vinjepride

Bli med på den mest fargerike turen denne sommaren. Me feirer kjærleik og mangfald i fjellet med regnbogetur til Reinsdyret ovanfor Eidsbugarden og avsluttar turen med «skeiv time» i Solbaren kl 13:30. 

Bli med å toppe fjorårets tur, for å vise at Vinjerock og friluftslivet er ein stad for alle, uansett kven dei er og kven dei elskar. 

Me oppfordrer alle fine festivalmenneske om å bli med oss på Vinjepride. Turen er for deg - uansett om du er skeiv, undrande, støttande eller berre nysgjerrig og glad i litt ekstra støy. 

Oppe ved reinsdyret blir det apellar og god stemning.

Gradering: Grøn (sjølvsagt!)

Plassar: Det er plass til alle 

Tidspunkt: 

  • Fredag 11:30-13:00

Utstyr: 

  • Sitteunderlag
  • Nistepakke 

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med Møteplass, me går samla opp til Reinsdyret.

Alle er hjarteleg velkommen og det kostar ingenting å vere med.

Me sjåast!

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.