- Det beste med å vere frivillig på Vinjerock er at du får bli kjent med masse nye mennesker i eit fantastisk miljø omringa av spektakulær natur, seier frivilligansvarleg Marie Hoff.
Som frivillig får du festivalpass og ei frivilligpakke med all infoen du treng. Alle får litt fritid til å nyte konsertane og festivalen. Du får også moglegheit til å vere med på ei heil helg med kickoff for dei frivillige i juni.
Frivilligsjefen seier dei frivillige må vere budd på at dei får brukt kroppen godt under festivalen, og at ein får nokre fine dagar på jobb 1060 m.o.h.
– Me er gode på å ta vare på kvarandre der oppe og det er mykje god stemning og mykje latter, seier Hoff.
Når du søker som frivillig, aksepterer du automatisk frivilligkontrakten, trykk HER for å lesa igjennom.
1. Fortell oss om deg sjølv
2. Skil deg ut
3. Dobbelsjekk telefonnummer og epost
4. Søk tidleg!
Me har frivillige i alle aldrar og skal legge til rette så godt som mogleg slik at alle får god opplæring og gode opplevingar, seier ho.