Vinjerock 2023 er historie og me har hatt nokre dagar fylt med god musikk, inspirerande føredragsholdera og spreke aktivitetar.

Sist oppdatert 25. september 2023

Frå Rick Grove opna med hippe tonar, Kakkmaddafakka tok publikumet med storm og Indiseksuell & Lisa & Lisa dundra med låtar utover sommarnatt. Takk til alle føredragshaldera som har vore med og preika om mykje Vinjerockarane har hatt interesse for. Takk til alle som har vore med å arrangert aktivitetar for det fine publikumet vårt.

Takk til arrangør Noreg som stemte oss fram til Årets festivalarrangør 2022, og ekstra stas var det å få den delt ut på eit av dei viktigaste arrangementa vi har; Vinjepride.

Takk til dei frivillige for godt arbeid! Me sett så utruleg pris på at de vil vera med oss og laga festival gang på gang, utan dykk i kulissene hadde me ikkje hatt moglegheita til å arranger Vinjerock slik som det er no.

Til våre samarbarbeidspartnarar sender me ein stor takk, å ha ein slik heiagjeng i ryggen er få forunt.

Og sist men ikkje minst, takk til våre kjære Vinjerockarar som still opp og er med på å lage den beste opplevinga for alle rundt. Utan dikka hadde vi ikkje hatt moglegheita til å drive med det me elskar, nettopp det å lage Vinjerock for Vinjerockarar.

Håpar de har kosa dykk, dansa, ledd og fått nye vennskap. Me gler oss allereie til 2024!

Me er så utruleg takksamme <3 

 

Foto: Anne Guro Røsæg