Me har over fleire år opplevd at det har vorte ei utfordring at det blir spelt tidvis høg musikk i camp utover dei seine morgontimane. Me ser oss difor nødt til å vere tydeleg på kva som gjeld og ikkje i fjellheimen. 

Sist oppdatert 26. juni 2024

Når siste artist går av scena skal det vere ro i camp slik at dei som ynskjer det kan finne ro til å sova, skal ein ha etterstev i camp så ber me at ein gjer det på sånn måte at ein ikkje forstyrrar alle teltnaboar omkring seg.  

Om ein ikkje etterkjem pålegg fra frivillige, vakter eller politi om å halde ro kan ein få klypt festivalbåndet. I ytterste konsekvens kan ein bli anmeldt for å ikkje etterkomme pålegg frå politiet, som resulterer i eit forelegg. 

Slit du generelt med å sova eller er lydsensitiv oppmodar me deg til å pakke med deg øreproppar. Du vil ôg finne øreproppar på festivalområdet. 

Samstundes får ein ikkje ta med store høgtalarar på bussen, eventuelle høgtalarar som kjem dit blir du beden om å legge attende i bilen. Finn me slike høgtalarar i camp vil desse bli konfiskert og levert attende etter festival. 

Så kvifor vil me ha ro i campen på natta? 

  • Vinjerock er ein festival i eit sårbart område langt inne i fjellheimen kor det finst eit dyreliv som ikkje set pris på høg musikk døgnet rundt. Vedvarande støyforurensing kan påvirke dyra sin atferd.
  • Det er ikkje berre du som er til fjells. Omkring i campen er det og andre Vinjerockarar som ikkje vil høyre «fångad av en stormvind» for tiande gong. Kanskje skal dei på tur i morgon, opp tidleg å vere frivillig eller kanskje dei berre vil sove. Vis omsyn for dine naboar!
  • Det er ikkje berre me som er på Eidsbugarden, der finn du ôg hytteeigarar, vanlege fotturistar, DNT-hytta Fondsbu og grunneigarar. Me treng alle eit godt naboskap for å kunne skape ein god festival i fjellheimen og alle trivst betre om dei får ei god natts søvn. 

Så, for å oppsummere - tak vare på kvarandre, vis omsyn og skap det fine fellesskapet me veit at dykk Vinjerockarane er så gode på. Tak med gitaren og songstemma. Elles heiar me på at panfløyta gjenoppstår!

Me vil ôg minne om at det det er et forbod mot desse tinga: 

  • Eingongsgrillar
  • Glasflasker
  • Bålbrenning - nytt heller fellesgrillen vi set opp ved stranda

Det er lov å nytte primus, men vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret.