Vinjerock ligg langt til fjells, men Vinjerockarene får til det meste likevel! Her finn du all info om korleis du kjem deg til fjells i sumar. Tysdag 30. april klokka 10:00 kjem festivalekspressen og festivalparkeringa for sal!

Sist oppdatert 11. juni 2024

Øvst på lista over utslepp hjå oss ligg mellom anna transport. Om halvparten av dei som kjem til Vinjerock tek festivalekspressen og alle dei som køyrer bil syt for å vere minst tre personar i kvar bil kan me saman halvera utsleppa. Tenk på det! 

Her finn du informasjon om dei ulike måtane du kan komme deg til fjells, og nokre gode tips til korleis du kan vere med på å kutte utsleppa.

Korleis kjem eg meg til fjells?

Festivalekspressen er ikkje berre den enklaste måten å komme seg til fjells, den er også best for lommeboka og miljøet. Den går frå Oslo, Sandvika, Bergen og Oslo - utan bussbyte, heilt inn til Eidsbugarden. På sundag kan du tinge billett anten du vil attende til same stad, eller vidare til ein av dei andre byane! Hugs å ting billett begge vegar. 

Ting billett til festivalekspressen

Du kan å reise kollektivt frå der du er. Finn kollektivtransport til Tyinkrysset på entur.no. Der byter du til lokalbuss, eller vår skyttelbuss.

Er det slik at du skal køyre bil er samkøyring ein god idè. Det er lurt å fylle han med minst tre glade Vinjerockerar, eller aller helst - fyll han heilt opp, det gjer godt for både miljøet og lommeboka. På Vinjeskyss 2024 (arrangement kjem) kan dei som vil tilby skyss og dei som ynskjer skyss til Vinjerock kome i kontakt med kvarandre. 

Når du kjem opp med bil lyt du nytte festivalparkeringa. Her kan du kjøpe parkeringsbillett i forkant som du scannar hjå parkeringsvertane våre når du kjem opp. Det er ikkje mogleg for festivaldeltakarar å køyre inn til Eidsbugarden, og parkerer du langs veg, utanfor veg eller på private hyttetomter, blir du taua bort. 

Ting billett til festivalparkeringa

Er du frivillig på Vinjerock? Frivillige har rabattert parkering og får info om dette på mail. 

Kjem du med rutebuss til Tyinkrysset eller har parkert på festivalparkeringa går vegen vidare med skyttelbuss til festivalområdet. Torsdag og sundag er skyttelbuss inkludert i festivalpasset, onsdag må du betale. Kjem du før onsdag må du ta ordinær rutebuss frå Tyinkrysset til Eidsbugarden, rutetidene finn du på entur.no eller nor-way.no.

Me gjer merksame på at det ikkje er tillete å køyre bil inn til Eidsbugarden før sundag kl 16:00.

Kva burde eg tenke på?

Så kva er eigentleg lurt å tenke på når det kjem til miljø og lommeboka? Me har samla det viktigaste for deg her: 

  • Ta festivalekspressen - enklast, best for lommeboka og miljøet.
  • Du kan reise kollektivt frå der du er, finn kollektivtransport på entur.no eller nor-way.no
  • Lyt du køyre bil, fyll han opp med minst tre glade Vinjerockerar - eller fyll han helst heilt opp.
  • Køyrer du el-bil finn du nærmaste ladestasjon på Tyinkrysset fjellstue.

 

Les meir om transport, finn prisar og kjøp billettar her