Det er ei stor glede å fortelje at Vinjerock skal få syne seg fram i ny frimerkekolleksjon frå Posten.

Sist oppdatert 09. juni 2024
– Me er utrolig begeistra over å verte representert på Postens frimerke. Vinjerock handlar om eit fellesskap kor alle høyrer heime, og for mange er det å reise til Eidsbugarden kvart år ein årelang tradisjon. Det oppleves som ei stor anerkjenning av alle som har bidrege inn i dette fellesskapet sidan festivalen starta, seier Guro Furunes Pettersen, festivalsjef i Vinjerock.

Og Vinjerock er i godt lag! Frimerket er ein del av den nye frimerkeutgjevinga med tema "Festivalsumar", som også inkluderar festivalane Palmesus i Kristiansand, Riddu Riđđu Festivála i Kåfjord og Ekstremsportveko på Voss.

– Noreg har ein rik festivaltradisjon, og sumaren er verkeleg høgtida for festivalar i landet vårt. Å ha Vinjerock representert på desse frimerka er ei anerkjenning av den unike atmosfæra og den kulturelle arven festivalen har skapt i Eidsbugarden, seier frimerkedirektør Halvor Fasting i Posten Bring. 

FAKTA:

Frimerka vert utgjeve 1. juni. Designet er utført av Camilla Kvien Jensen, og kvart motiv kjem i et opplag på 430 000.

  • Dato: 01.06.2024
  • Nummer: NK 2122-2125
  • Motiv: Riddu Riđđu Festivála, Vinjerock, Ekstremsportveko, Palmesus
  • Design: Camilla Kvien Jensen
  • Foto: © Ørjan Bertelsen / Riddu Riđđu Festivála, © Anne Guro Røsæg / Vinerock,
  • © Kjell Eirik Irgens Henanger / Ekstremsportveko, © Floris Heuer / Palmesus
  • Verdier: Kr 23 (innland 20 g)
  • Opplag: 430 000 frimerker av hvert motiv
  • Trykk: Offset fra Joh. Enschedé Security Print, Nederland