Dei frivillige på Vinjerock er den blidaste gjengen me veit om, me har tatt ein prat med nokre av dei for å høyre korleis det er å vere frivillig 1060 m.o.h. 

Sist oppdatert 20. april 2022
Søk som frivillig

Stine er 37 år gamal og kjem får Lørenskog, ho jobbar til vanleg på akuttmottaket på Ahus som sjukepleiar og driv no å tek vidareutdanning i akuttsykepleie. Mellom slaga finn du ho ofte på tur i skogen eller padlande på sin nyleg erverva packraft eller i godt lag saman med vener. På Vinjerock er ho frivillig i sanitet.

Stine og Are ble godt kjend då dei var frivillige på Vinjerock. Foto: privat

 

Kva er ditt beste minne frå Vinjerock Stine? 

Mitt beste minne frå Vinjerock er den kvelden eg og nokre andre frivillige dansa heile kvelden utan stopp. Så drog me på The Dogs konsert og tok heilt av til musikk som eigentleg er så langt unna det eg vanlegvis høyrer på. Etter konserten spelte ein DJ og når Heal The World med Michael Jackson kom på ble det danna ein stor ring framfor scena kor me alle held om kvarandre og song så høgt me kunne. Det var eit så fint augeblikk og det var nok fleire som ble litt fuktig i auga. Då songen var ferdig hoppa alle rundt på midten i gledesrus - det var eit skikkeleg festivalaugeblikk det.

Kva gler du deg til i år? Har du ein spesiell tradisjon eller noko du gjer kvart år? 

Eg gler meg til å sjå alle dei fine frivillige folka att. Dra på Rockehøgskulen, kjenne på steminga på festivalen og leva livet. Gler meg også til å jobbe i saniteten, det er ein veldig koseleg jobb kor me får møte mange fine festivaldeltakarar.

Eg plar også å vere på Ananach kvart år, det er veldig kjekt. Me går gjerne derifrå litt meir brisen enn når vi kom – god stemning!

Kvifor er du frivillig på Vinjerock?

Eg har alltid hatt lyst til å være med på Vinjerock, eg såg masse bilete derifrå, men hadde ikkje nokon å dra med. Da fann et ut at det å vere frivillig var perfekt, for då bli ein kjend med mange andre ein kan henge med. Eg har fått mange gode vener der som eg framleis har kontakt med. Vinjerock er verdas beste festival, det er aldri dårleg stemning på nokon som helst måte. Alle er så hyggjelege og glade for å vere der, så da blir det ei veldig jovial stemning.

Kva er det beste med å vere frivillig på Vinjerock? Og har du kanskje ei god historie du vil dele? 

Det beste er at ein har så mange andre frivillige som er der åleine, så da blir ein fort ein liten gjeng med folk som heng saman og kanskje campar saman også. Det er veldig kjekt å jobbe i dei omgjevnadane, og ein veldig takksam jobb med god stemning og fine kollegaer. Dette blir mitt fjerde år som frivillig på Vinjerock og det hadde nok vore det sjette om det ikkje hadde vore for korona.

Me har mange gode historiar, men dei kan me ikkje fortelje.

Arne i kjend positur med ein sjølskreven festivalfavoritt. Foto: Sigrid Skjerdal

32 år gamle Arne skal i sommar vere frivillig på Vinjerock for femte gong. Hallingdølen frå Gol jobbar som byggingeniør i Veidekke til vanleg og er ofte å sjå både til fjells og i klatreveggen. På Vinjerock er han frivillig i arenagruppa.

Kva er dine beste minner frå Vinjerock Arne? 

Kaka som blei servert på 10års-markeringa på Vinjerock er ein klar høydare, det er ikkje ofte at ein ser ei 6 kvadratmeter stor kake bli servert frå ein tilhengar.

Og den gode stemninga som oppstår på festivalen! I 2016 bøtta det ned meir regn enn det finnast vatn i Bygdin og toreveret tok straumen midt under ein konsert - som resulterte i allsong og folkefest (bra ein har ull og tørt skift). 

Og ikke minst då Vinjefolk inntok scena og heile Vinjerockområdet var fylt med lystige og danseglade Vinjerockarar. Det tok såpass av at når støvskyen hadde lagt seg måtte kjøkkenet vaskast ned. 

Kva gler du deg til i år?

Eg gler meg til bakt potet etter ein lang kveld med dans og moro. Sitte i campen og drikke øl med nye og gamle kjende, mens me fortel røvarhistoriar. Og så klart nachspiel på en topp med soloppgang og utsikt over heile festivalområdet.

Kvifor er du frivillig på Vinjerock?

Samhaldet mellom dei frivillig og at det er så moro å sjå korleis festivalområdet utviklar seg fra ein kjølekonteinar som står aleine på ein stor parkeringsplass uka før, til eit ferdig rigga område. Og ikkje minst når festivalbussane rullar inn på området fylt med spende festivalgjengarar.

 

Les meir om å vere frivillig