Kva betre leikeplass finst det vel enn fjellet? No er aktivitetene klare, og her finn du noko for både den bedagelege, spreke, seige, romantiske, svoltne og leikne Vinjerockaren. 

Sist oppdatert 24. mai 2024

Aktivitetar og kurs er no ute, finn du noko du vil bryne deg på kanskje? Torsdag 23. mai klokka 12.00 kjem alle aktivitetane ut for sal - så da er det berre å kaste seg på!

Ting aktivitetar

På programmet finn du klassikarane Uranostind og Falketind. Det er swingkurs og gokarkurs, og dei populære kajakkursa er og på programmet. Det er kurs for deg som vil lære imponere ho i campen med lekker mat på primus, eller kanskje du helst vil fylle munnen med deilig sjokolade på sjokoladesmaking med Sjokoladenoter frå Vang

Nytt av året er mellom anna tur til Langeskvaltinden, morgonstund med bading og tur til Gravafjellet. Og du, sjølvsagt blir det og fjellbingo på Parkscena i år. 

Multisporten - er det kanskje den du ventar på? 

Konkurransa som måler vågemot, kondis, kreativitet og hjerneceller er rivande populær, og då gjeld det å sitja klar for å skaffe billettar. Få med deg ein lagkamerat med tæl, og hiv deg med! 

Og du? Det er slett ikkje farleg, du treng ikkje springe fort eller hoppe langt. Her er det berre å kose seg gjennom artige postar, i latterleg fine omgjevnadar.

Ser dykk til fjells, mykje tyder på at me skal kosa oss i år også. 

Ting aktivitetar