No er dei siste artistane på plass for sumarens høgdepunkt. Velkomen til fjells Ane Brun, Center of the Universe & Kenneth Lien, Love Pump, Matjø, Moyka, Safario og Trip Westerns (UK)

Sist oppdatert 09. juni 2024

LOVE PUMP

Liliana Palance Pereira har vitja Eidsbugarden fleire gonger tidlegare. I sumar skal ho endeleg innta scena med sitt eige prosjekt under namnet Love Pump. I 2023 satte ho fyr på dansegolvet under mellom anna Øya, Trondheim Calling, Hot Hot Hot festivalen og er no klar for å sette fyr på fjellheimen. Med angolanske foreldre, fødestad i Lisboa i Portugal og oppvekst i Bergen er Love Pump inspirert av heite klubbkveldar frå både Lisboa og Luanda i Angola og speler alt frå kurduro, afro house, baile funk, kizomba, afrobeats, amapiano, gqom, soulful- og deep-house og mykje meir. Forvent ein heitt kveld på Vinjerock!

Foto: Sondre Hortveit 

 

TRIP WESTERNS (UK)

Rett frå Brighton til Eidsbugarden kjem bandet Trip Westerns, kor dei har vorte viden kjent for sine konsertar sprekkfulle av energi. Bandet høyrer kanskje helst heime i ørkenen, med tydelege henvisningar til nittitalets garasjerock og solfyld 60-tals R&B, samanfletta med deilig psykadelia gjev bandet eit deilig nikk til spagettiwestern. Bandet har varma opp for mellom anna Frankie and the Witch Fingers og Night Beats. No gler me oss til dei skal skal få Vinjerockarane til å drøyme om den ville ville vesten.

 

CENTER OF THE UNIVERSE & KENNETH LiEN

Du veit, når Kenneth Lien & Center of the Universe finn saman kan det ikkje bli noko anna enn spektakulært! Dei fusjonerar norsk folkemusikk og elektronisk musikk på usedvanleg saumlaust vis og syner fram på plata snu hver stein at det er faktisk ikkje så langt mellom tradisjonell dans og ein kveld på klubben. Forvent hypnotisk puls, mystisk stemning og ikkje minst suggerande tempo som tvinger kroppen til å bevege seg. 

Foto: Frøydis Bergheim Ruud

 

ANE BRUN

I 2023 feira Ane Brun heile to tiår som artist med ein retrospektiv turné. No pakkar ho med seg sitt autentiske, leikne og unike musikklandskap i fjellsekken og tek turen til Vinjerock for aller fyrste gong. Om ein skal nytte seg av begrep ein Vinjerockar kjenner godt til for å beskrive musikken hennar vil me nytte oss av uttrykk som “tindrandre toppar”, “fjellklåre vatn” og “mektige isbrear”. Me gler oss, velkomen til fjells Ane!

 

SAFARIO

Artisten som alltid me alltid elskar å sjå live, nemleg Safario, kjem til Vinjerock i sumar. Han har markert seg som ein av dei kanskje mest unike rap-talenta me har og slo seg verkeleg opp med låta go crazy, go stoopid saman med Lokoy. Den Warsawa-fødte artisten slapp i mai sitt sjølvtitulerte debutalbumet Safario, eit album som utforskar tema som sjølvtillit, kjærleikssorg, sjølvfølelse og finne ut kven ein er gjennom å leve livet som ein ung artist. Me gler oss, velkomen til fjells!

 

MOYKA 

Når Moyka entrar scena på Vinjerock tek ho oss inn i eit univers fylt av heftige og basstunge trommer, leikne melodiar, svevande synthar og kontrastfylte låtar som gjer det vanskeleg å ikkje bevege på kroppen. Debutalbumet The Revelations of Love kom i 2021 og i  2023 kom det deilige andrealbumet Movies, Cars & Heartbreak, eit album som gjev deg den elektroniske-poppen du drøymer om. Når mørket legg seg over Eidsbugarden veit me at Moyka er klar for å dra opp tempoet i fjellheimen.

Foto: Ida Fiskaa

MATJØ

Den Norsk-Belgiske DJen Matjø dreg med seg sin djupe kjærleik for det melodiøse, med inspirasjon frå ulike sjangrar og tidsperiodar - då spesielt det ikoniske 90-talet og det fengande 80-talet til Vinjerock i sumar! Han har mellom anna spelt på Ostaram Storgata 6, Ingensteds, Tyven, Trekanten og Bergtatt Festivalen. Det er berre å glede seg til hoftene får kjenne på fengande rytmar og eklektiske beats!