Vinjerock har gratis overnatting i dei mest idylliske omgjevnadene me kan tenke oss: ved Bygdin sine breidder omkrinsa av fjelltoppar.

Sist oppdatert 29. juni 2023

Festivalcamp

Campområdet på Vinjerock er ikkje gjerda inn, og du vel sjølv om du vil setja teltet ditt i nærleiken av festlegheitene eller finne roa godt oppi bakken. Toalett og søppelhandtering finn du i nærleiken av dei mest brukte leirområda. Følg skilta som peikar deg i rett retning.

Me er på fjellet, og som gode fjellfolk driv me sporlaus ferdsel. Det er ikkje lov med eingongsgrillar eller glasflasker i leirområdet. Ikkje ta med deg ting du ikkje vil ta med deg heim att, og pass på at alt av søppel blir sortert og levert. Gode vinjerockarar tek vare på fjellet.

Det kjem til å vera eit avmerkt matlagingsområde ved vatnet utanfor festivalområdet, der det står grillar som alle kan bruke. Her kan du laga mat saman med andre glade vinjerockarar, og bruke primusen din ein plass der det ikkje er fare for å setja merke på bakken. Slett ikkje dumt for naturen, ekstra hyggeleg for deg.

Det er mykje bra konsertar på festivalområdet, og me treng ikkje ekstra fest på festivalcampen i tillegg. Store høgtalarar av typen Soundbox og liknande er ikkje lov i festivalcampen og vil ikkje bli tillete å ta med på festivalbussane. Ta hensyn til andre Vinjerockarar, nokre vil kanskje sove og ikkje alle vil høyre på di favorittspeleliste seint om natta!

HC-camp

Festivalcampen er stort sett i ulendt terreng med stein, stigar og briskekratt. Difor har Vinjerock reservert eit eige område som er tilrettelagt for dei med funksjonsnedsetting. Der er det flat grasplen og enkel tilgang frå vegen. Området ligg mellom Fondsbu og Eidsbugarden Hotell og er merkt med skilt. 

Lavvotell 

Kom til ferdig oppsett lavvo på torsdag, og slepp styret med å pakke han ned igjen sundag morgon. Det fiksar nemleg me! Alt etter kor mykje komfort du vil ha, kan du tinge med alt frå vedfyring til feltsenger og liggjeunderlag. Kvar lavvo tek 6–8 personar, alt etter kor romsleg de vil ha det. 

Book ditt Lavvotell

Praktisk info

Pris: 8299,- 

Lavvoen har plass til 6-8 personar, men me anbefalar 6 personar. Lavvoen har golv, vedomn og ein vedsekk inkludert i leia. I tillegg kan dette tingast separat:

  • Liggeunderlag 
  • Feltseng  (OBS! Skal du ha feltsenger i lavvoen er det berre plass til 4 personar/4 feltsenger.)
  • Meir ved kan kjøpast undervegs i festivalen

Innsjekk og utsjekk

Innsjekk: torsdag mellom kl. 11.00 og kl. 17.30, send oss en mail på post@vinjerock.no om de ynskjer seinare innsjekk.

Utsjekk: Sundag kl 12:00

Lavvotellet har eigen bemanna «resepsjon», som bistår i løpet av helga ved behov for service og bistand.

Tak over hovudet? 

Fondsbu Turisthytte

Turisthytte med sjel og verdas beste kanelsnurrar, driven av Solbjørg Kvalshaug (og DNT) på Eidsbugarden. Nettside finn du her!

Tyinholmen 

Turisthytte eit par kilometer frå Eidsbugarden, for deg som tykkjer det er greitt med ein rusletur i kveldinga. Nettsida? Her.