Billettar
Vinjerock sel kun helgepass (torsdag-sundag), og alle billettane inkluderer festivalbuss t/r parkeringsplassane på Tyin og Filefjell, samt festivalcamp. Festivalen vart utseld like før start i 2009, og i 2010 var alle billettane borte før utgangen av april.
Medlemmar i DNT får 100 kroner i rabatt på festivalpasset, men billetten er kun gyldig saman med gyldig medlemsprov for det inneverande året. Hvis dette blir attgløymt må du betale mellomlegget opp til normal utsalspris for kjøp av billett i døra.
Kjøp billett
Vinjerock sel alle sine billettar gjennom Billettservice, som formidlar dei i følgjande kanalar: Billettservice.no, Posten (ikkje Post i butikk), Narvesen og 7-Eleven.
Vinjerock 2012 er utseld. Det vil ikkje bli lagt ut fleire billettar til festivalen. Merk at det kun er Billettservice som formidlar billettar til Vinjerock.
Billettprisar (festivalpass)
Førehandssal: kr 1 295,- + bill.avg.
DNT-medlemspris: kr 1 195,- + bill.avg.
Kjøp i døra: kr 1 495,-
Harde fakta
Det blir kun seld 3 000 festivalpass til Vinjerock. Når desse er selde blir det ikkje lagt ut fleire billettar til festivalen. Vi gjer merksame på at det er ulovleg å selje og kjøpe billettar på svartebørs til overpris, og vi oppmodar deg til å rapportere alle svindelforsøk.
Aldersgrenser og billettreglar
Nedre aldersgrense for kjøp av billett er 16 år. Born under 16 år slepp kun inn på festivalområdet i følge med foresatte. Born under 12 år har gratis inngang i følge med foresatte.
Det er legitimasjonsplikt på festivalen, og ulike armband for dei over og under 18 år. Om du ikkje kan syne til gyldig legitimasjon vil du få påsett barnearmband.
NB: Du må framvise gyldig medlemsprov frå Den Norske Turistforening for å kunne nytte billett med medlemsrabatt. Dersom du ikkje har dette med på festivalen må du betale mellomlegget opp til pris ved kjøp av billett i døra (kr 300).
