Om Vinjerock

Vinjerock er oppkalla etter Aasmund Olavsson Vinje, som var den første hyttebyggjaren på Eidsbugarden. Han var òg mannen som gav Jotunheimen sitt noverande namn, og hadde det ikkje vore for han hadde neppe Eidsbugarden vore slik det er i dag. Vinje var ein mann som gjekk sine eigne vegar, og nokre har spekulert i om han ikkje må ha vore Noregs første hippie. Me er vel ikkje heilt ueinige i den tolkinga - uansett veit me at rockefoten hans nok trampar, der han sit oppe på Falketind og følgjer med.

Kort sagt

Vinjerock5aar_024.jpg

Kva er Vinjerock?

Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen. Musikken er essensen i festivalen, men aktivitetar og kurs utgjer nær halvparten av festivalprogrammet. Vinjerock satsar vidare mykje på å skape gode matopplevingar, tufta på moderne rettar basert på tradisjonelle råvarer frå lokalmiljøet.

Kvar er Vinjerock?

Vinjerock held til på Eidsbugarden, i ytterkanten av Jotunheimen Nasjonalpark, like ved grensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane. Anten du køyrer til Oslo eller Bergen har du ca 4 timars køyring framfor deg - fordelt på om lag 28 mil.

Kven er på Vinjerock?

Vinjerockarane er på Vinjerock. Utan vårt fabelaktige publikum hadde ikkje Vinjerock vorte den festivalen dem er i dag. Vinjerockarane blir ofte kjenneteikna av mykje gore-tex på skrotten og eit stort smil kring munnen.

Harde fakta

Eigd av:
Felagane AS. Festivalen vert drifta av Vinjerock AS som er eit dotterselskap til Felagane AS.

Besøkande i 2010 (pauseår i 2011):
9 800 (over 3 døgn)

Telefon:
(+47) 971 09 903   

E-post:
post@vinjerock.no

Både drift- og eigarselskapet er idealistisk, og alt eventuelt overskot går attende til festivalen for drift og vidareutvikling. Ved ei oppløysing vil den eventuelle nettoforumen i selskapa gå til miljøskapande tiltak for unge i Valdresregionen.