Her er litt enkel info til deg som er frivillig.
Parkering og festivalbuss
Har du bil kan du parkere denne gratis på frivilligparkeringa på Panorama. Spør parkeringsvakta kvar du skal stå. Deretter tek du festivalbussen inn (namnet ditt skal stå på listene som bussvertane har tilgjengelig, og du har fått ein sms som fungerer som bussbillett).
Aller fyrst:
Meld deg i info-teltet og få akkrediteringa, t-skjorta og armbandet ditt!
Viktige telefonnummer
Vaktsentral/OPS (24/7): 979 93 370
Festivalkontor (9-23): 416 39 916
Mat og sånt
Når du jobbar skal du sjølvsagt få mat, og denne får du i frivilligteltet. Matbongar får du utlevert frå gruppeleiaren din.
Frukost frå ca. 8-12.00
Lunsj frå ca. 13-15
Middag frå ca. 18-21