WWF presenterer: Trude Myhre og 700 kilometer for skogen

Trude Myhre1

Biolog og vandrar. Trude Myhre gjekk frå Oslo til Trondheim for skogvern.

WWF sin skogbiolog Trude Myhre vaks opp i skogkanten i Vestfold, og er over snittet glad i tre, skog og tur. Den trufaste turkameraten er trøffelhunden Coco, som snusar opp godsaker i bakken som biologen sjølv ikkje klarer å finne. I 2017 gjekk Trude Myhre 700 kilometer langs pilegrimsleden frå Klima- og miljødepartementet i Oslo til Miljødirektoratet i Trondheim for å rette søkelyset på behovet for auka skogvern i Noreg før valet. På Vinjerock tek biologen oss med på reisa.

WWF Verdas Naturfond er Vinjerock sin miljøsamarbeidspartnar i 2019. Organisasjonen jobbar for ei framtid der menneska lever i harmoni med naturen, og der ingen dyr eller artar skal døy ut på grunn av menneska sine handlingar.