Solbjørg Kvålshaugen om Aasmund Olavsson Vinje

fredag 19.07 kl. 17.00
17.07.15 LH Del3 9

Mor-Fondsbu fortel om namnefaderen til Vinjerock, Aasmund Olavsson Vinje sitt liv og dikting.

Få kjenner soga om Aasmund Olavsson Vinje like godt som Solbjørg Kvålshaugen, vertinna på Fondsbu Turisthytte. Forfattaren, journalisten og rebellen A.O. Vinje sette spor etter seg i fjellheimen som me elskar så høgt. 

I Vinjebue tek Solbjørg, med sin strålande forteljarkunst, oss med gjennom Vinje sin liv og lagnad frå Telemark, til hovudstaden og til Eidsbugarden. Vinjebue var stova som A.O. Vinje sjølv fekk sett opp på Eidsbugarden. Staden var i hans vaksne liv ein fristad i fjellet, og var ein forløpar til turisthyttene som ligg i området i dag. Du får ein smakebit av dei kjende og mindre kjende verka, og høyrer den medrivande historia som høyrer Vinje og Eidsbugarden til. Vel møtt!