Silent Disco

fredag 19.07 kl. 16.15
Free Winona

Stille Disco i lyngen for deg som vil sleppe rockefoten laus.

Ta med eit par-tre-fire av dine gamle og nye Vinjerock-vener, og ta ein dans i lyngen. Frå 15-16.30 fredag og laurdag blir det Silent Disco ved Turinformasjonen, i lyngen der danserørslene kjem best til sin rett. 

Kven snurrer plater? Det gjer FREE WINONA,  er den eine halvdelen av Skjør i Skjørt, eit DJ-konsept som oppstod i Trondheim for over ti år sidan. Når Sarah Winona Sortland kjem til Vinjerock, er det for å spele musikken ho meiner passar best til å danse seg sveitt og lukkelig i fjellheimen. Festen blir best når ein spelar musikk fritt etter hukommelsen, og du kan forvente deg store pophits, R&B som gjer deg mo i knea og hiphop som får bassen til å dundre i headsettet i løpet av timen som gjer deg klar for ein ny kveld på Vinjerock.