Silent Disco med DJ Herkules

Herkules

Stille Disco i lyngen for deg som vil sleppe rockefoten laus.

Ta med eit par-tre-fire av dine gamle og nye Vinjerock-vener, og ta ein dans på Parkscena. Frå 16.15 fredag og laurdag blir det Silent Disco på Parkscena, der danserørslene kjem best til sin rett. 

Kven snurrer plater? Det gjer DJ Herkules, som spelar feit, sveitt, deilig og dansete musikk.

Silent Disco er levert av Sennheiser.