Quiz med Mia & CiderStig

fredag 19.07 kl. 14.00
Quiz 2017 Bendik Hassel

Ta med fire-fem av dine næraste Vinjerock-vener, eit sitteunderlag og ein vinnarskalle av stål.

Den store Vinjerock-kvissen med Mia & CiderStig skjer sjølvsagt på Vinjerock 2019 også! Går du for siger? DJ KoseLars sørgar for musikk av heilt middels kvalitet. 

Det er lov med opp til seks personar per lag. Ta med sitteunderlag, kjøp deg noko leskande i glaset, og trim hjernecellene på denne akkurat-passe-vanskelege quizen. Vinnarlaget får fire festivalpass, samt moglegheita til å kjøpe to billettar ekstra slik at heile laget kan reise opp og prøve seg på den legendariske quizen i 2020 også. 

Vel møtt!