Mina og meg: Jakta på dei magiske augeblinkane

fredag 19.07 kl. 10.40
Mina og meg

Mina Floriana er berre tre år gammal, og har allereie vore på fleire ekspedisjonar enn dei fleste av oss. 

Mina og Daddy (Alexander Read) vart kåra til årets Villmarkingar 2019. Veke etter veke, vinter og sommar, flyttar duoen kvardagen ut og opp i fjellet.

Dette er historia om deira jakt på dei enkle, men verdifulle turaugeblinkane. Det er historia om ukonvensjonell barneoppdraging på 1600 høgdemeter, om troll og turmagi og kanskje litt barnetårer? Me får bli med på deira tureventyr, og får eit lite innblikk i den magiske verda som opnar seg for liten og stor når fjellguiden i front er Mina på tre år. 

Mina og Meg kjem rett etter VinjeSmåfolk på Parkscena. Der blir det konsert med Ladama og fest og moro for dei minste!