Norgesgruppen presenterer: Lindis Hurum fra Leger uten grenser

lørdag 20.07 kl. 12.30
Lindis Hurum Foto: Argos Zizolai
Lindis Hurum Foto: Argos Zizolai

Lindis Hurum fortel gripande historiar frå felten i sitt arbeid med Leger uten grenser. 

Lindis Hurum (f.1972) er feltarbeider i Leger Uten Grenser, der ho i over ti år har vore ein sentral prosjektleiar i akutte katastrofar og gløymde kriser.

Ho har ein master i Disaster Management fra Universitetet i København. I 2014 vart ho kåra til Årets modigaste kvinne av magasinet Tara og i 2015 til Årets eldsjel av magasinet KK i 2015.

I 2016 ga ho ut boka “Det finnes ingen de andre, det er bare oss” (Cappelen Damm), basert på personlege dagboknotat. I haust kjem boka i pocketutgåve. Ein del av inntektene frå boksalget går til Leger Uten Grenser.