Holebuar - eit år med naturen som heim

torsdag 18.07 kl. 16.00
UNADJUSTEDNONRAW Thumb A6f

Ida Beate Løkensitt år ute fekk internasjonsal merksemd. I Vinjebue deler ho tankar og erfaringar ho fekk frå tilveret som holebuar. 

Ida har heile livet vore glad i å vere ute. Ho har vakse opp med gardsdrift og hatt fri tilgong til fjell og skog, noko som har resultert i eit djupt miljøengasjement. Då ho tok agronomutdanning ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i vakre, ville Aurland i 2014 fekk ho internasjonal merksemd for å sove ute i ei steinhole eit heilt år.

For Ida skulle ikkje det her vere noko stort prosjekt, ho skulle berre sove ute og sjå kor lenge det gjekk, men det heile blei ei stor aha-oppleving. Utan kleskåp og stor lagringsplass innser ein fort kor mykje unødvendig ræl vi fyller liva våre med. Det skulle heller ikkje ta lang tid før det å sove i ei hole kjentest heilt normalt, på tross av tankane ein har om holebuarlivet. Her delar ho av tankar og erfaringar ho gjorde seg i hola.