Fjellspire

lørdag 20.07 kl. 13.00
Fjellspire

Kunne du tenke deg å ha fjella utanfor kontordøra, ein spennande sommarjobb og teste ut livet i ei fjellbygd? Det har ei gruppe Fjellspirer gjort denne sommaren, og dei fortel oss korleis det har vore. 

Har du høyrd om Fjellspire-prosjektet? Ikkje? Fire kontorfellesskap i Hallingdalen, Gudbrandsdalen, Numedal og Valdres gjekk i år saman om å tilby studentar under høgare utdanning relevant sommarjobb i bygde-Norge. Målet var å bevise at ein ikkje treng å flykte til storbyane for å få brukt utdanninga si. Dei tretten fjellspirene har blant anna jobba som programmerar, journalist, fotograf og innhaldsprodusent. Nokre har vore med å skipe festivalen Huckfest, andre har laga dronevideoar for Gjendesheim og nokre har gått i fjellet og tracka turar. 

Fylkeskommunane Oppland og Buskerud, samt Sparebank1 i Hallingdal Valdres og Lom og Sjåk, har spytta inn prosjektmidlar for to år til, så kanskje er det du som sit på høgfjellet med relevant sommarjobb på denne tida neste år?

I tillegg kjem det folk frå Kontorfellesskapet 1724 i Vang i Valdres. På 1724 sit det ein gjeng med gründerar, sjølvstendig næringsdrivande og andre som har prøvd lukka, og lukkast, med å drive bedrift i og frå ei fjellbygd. 

Fjellspirene og folka på 1724 presenterer seg sjølv kort før det blir mingling, kaffi og moglegheit til å få svar på stort og smått. Så kom innom Vinjebua då vel - kanskje treff du ein framtidig arbeidsgjevar? Eller får nokre innspel til grunderideen din?