DNT presenterer: På sykkel langs Norskekysten

FF17

Eit eventyr på to hjul.

Petrine Solli bestemte seg ein sommardag i 2017 for å bruke heile sommarferien på å oppleve Noreg si kystlinje. Fem dagar seinare la ho i veg frå Alta mot Bergen, med eit delmål om å nå Vinjerock i tide. I Vinjebue får du høyre om sykkeleventyret hennar, og spesielt utfordringane ho møtte på vegen i form av øm bakdel og kreative teltplassar. Petrine Solli har stor kjærleik for aktivitet, friluftsliv og miljøvern, og er engasjert både i DNT Ung og Protect our Winters (POW).