Andreas Vold: Fanga av skredet

lørdag 20.07 kl. 10.30
B67I2557

Når Andreas Vold ikkje kjem heim frå skitur ein februardag i 2017, blir heile bygda sett i aksjon. Det redda livet hans. 

Ein februardag i 2017 vart sørlendingen Andreas Vold fanga i skred på skitur i Sogndalsdalen. På Vinjerock fortel Andreas historia om folka som var med å redde eit liv, og kampen for å kome seg tilbake til livet og kvardagen med kona i Sogndal.

Bli med på Andreas si reise, og høyr historia som rører og inspirerer oss til å skaffe kunnskapen som trengs for å halde oss trygge når me leikar i fjellet.