Vinjefolk

46855704 10158504456098973 6716431202779136 N

Storbandet som serverer skamlaus folkemusikk i partydrakt kjem tilbake! Det skal svingast mellom fjella. 

Storbandet Vinjefolk vart sett saman for å halde konsert på Vinjerock 2018. Der fekk dei nokre tusen Vinjerockarar til å danse sving og jenka med utsikt til bygdin, og sjeldan har me opplevd slik ein folkemusikkfestt i fjellheimen. Sidan då har Vinjefolk holdt konsertar med stor suksess både i Oslo-bygda og på andre festivalar. Me vil dansa meir! Og det skal me, for på Vinjerock 2019 kjem Vinjefolk tilbake til Eidsbugarden. 
På feler er det skotske Sarah-Jane Summers (Summers/Silvola, Siskin Quartet), Anders Hall (Sver, Sigrid Moldestad Band) frå Sverige og Hans Kjorstad (Vassvik, Reolo) frå Gudbrandsdalen. På klimpreinstrument finn me Hans Martin Austestad (Earlybird Stringband, Løkki) på banjo, finske Juhani Silvola (Adjagas, Erlend Viken Trio) på gitar og Ellen Brekken (Hedvig Moldestad Trio, Maar) på kontrabass. Det heile blir toppa med Anders Lillebo (Stampestuen, Eau de Vill) på orgel og munnspel og Knut Ålefjær (Helge Lien Trio, Kristin Asbjørnsen), som trakterer trommer og perkusjon. I tillegg seier ryktene at storbandet blir endå større til våren. Me ventar i spenning på nyhender frå Folkemusikkverda!