Tonje Halbjørhus

Tonje Halbjørhus Bredde Foto Julia Marie Naglestad Fri Bruk

I landskapet mellom folk, visepop og americana. Passar godt mellom fjella. 

Med el-gitar, mandolin og ærlege tekstar på hallingdialekt skapar Tonje Halbjørhus eit musikalsk uttrykk i krysset mellom folk, visepop og americana. Ho tar lyttaren med inn i vare tankar og sår kvardagsmelankoli der håpet likevel alltid kan skimtast.

Tonje slepte sitt første album i 2016, og etter ein turné drog ho ut i verda for å skriva ny musikk. To enkeltståande låtar kom ut i 2017 og førte til både radiotid og TV-opptreden i beste sendetid på NRK1. Etter ein omfattande noregsturné våren 2018 var det endeleg tid for å laga nytt album. «Etter stjernene» kom ut 29. mars, til strålande kritikker. Dagbladet trilla terningkast 5 og skreiv: «Om det finnes noen som helst rettferdighet i dette landet bør hun med dette rykke opp til elitedivisjonen».