Thea Hjelmeland

lørdag 20.07 kl. 19.00
Thea Hjelmeland Foto: Trine Hisdal
Thea Hjelmeland Foto: Trine Hisdal

Endeleg, popdronninga frå fjordfylket vest for oss kjem til fjells.

Det magiske musikklandskapet til Thea Hjelmeland kjem til sin rett på den kritikarroste plata Kulla, som Hjelmeland slapp i september 2018. Plata vart for øvrig belønna med spellemann i klassen indie/alternativ. Frå leikent og sterkt, til rått og ekte. Thea Hjelmeland er ikkje redd for å skrive om ting som er tabu, pinlig eller annerledes for nokre av oss, og med eit lass av sarkasme og eit variert låtreportoar, har me ein strålande konsertoppleving i vente.