Swingnach med The Gamasamas & DJ KoseLars

torsdag 18.07 kl. 23.59
Gamasamas+Koselars

Å fy, som det skal swingast. 

Når The Gamasamas og DJ Koselars tek oss med på Swingnachpiel ved Bygdin sine breidder er det lite som kan stoppe dansegolvet. The Gamasamas frå Øystre Slidre tek turen til fjells for å ta oss med tilbake i historia. Rock ‘n roll er her for å bli, og klassikarar frå The Beatles og Beach Boys skal vekke opp eventuelle gløymde rockefotar.

Dj KoseLars har i alle år vore sidekick for Mia og Bells sin festivalquiz, og alle som har vore på den kan nikke samtykkande til at me alle skal få dansa ordentlig ut til dei sylfrekt samansette låtane. Han tek oss vidare inn i natta på det legendariske etterstevet foran scena.