Real Ones

Real Ones Foto: Franscisco Munoz
Real Ones Foto: Franscisco Munoz

Real Ones kjem tilbake til fjellheimen for å dele sin jamnt over deilige musikk. 

Dei har spelt musikk sidan før halve vårt publikum kunne gå (det er ei sanning, ikkje ei spydigheit). Musikken er tidlaus og alltid fornyande, som ein anmeldar sa; Real Ones har det ikkje i seg å lage dårlege plater. I 2019 kjem dei fem barndomskameratane til Eidsbugarden med si nyaste plate,Hey future, hey past, i sekken. Frå regnbyen bringer dei sin folkrock til folket, inspirert av Havana der den nyaste plata vart spelt inn. Real Ones er alltid velkomne til Eidsbugarden. Som me gler oss til å høyre dette eminente livebandet att, i fjellet der me bestemt også meiner dei høyrer heime.