Pom Poko

Pom Poko

For fyrste gong kjem Pom Poko til Vinjerock, og det vil smelle. 

Denne gjengen møtte me første gong på Urørt i 2017, og sidan har musikkverda feira kvart nyslepp av låt med applaus. På nyåret kjem deira første plate, og me gler oss til å høyre kva dette nyvinnande, energirike bandet har å by på. Gjennom hausten deler dei nokre herlege smakebitar på det me har vi vente, og reiser Europa rundt med musikken sin. Me hoppar på stolen av spenning for å høyre ny musikk, og endeleg ha moglegheita til å ynskje rockarane i Pom Poko velkomne til Vinjerock!