Phlake (DK)

fredag 19.07 kl. 21.00
Phlake (2)

Varmegrader eller ei, sommarkjensla er garantert når Phlake inntek scena på Eidsbugarden.

Den danske R'n'B-duoen har for lengst erobra heimlandet «med fløde og fløjl», som dei skriv i dansk media, etter at debutalbumet Slush Hours vart møtt med stor hype. I 2016 sette dei publikumsrekord på Rising Scene under Roskildefestivalen, og året etter opna dei like godt den oransje hovudscenen. I 2019 er dei klare til å gi oss fjellapar ei oppvising i dansbar, varm og sjelfull r'n'b.