Orions Belte & Ånon

lørdag 20.07 kl. 17.00
20180809 Orions Belte Aug18 0164

Dei tek oss med inn i ei instrumental, magisk verd - med støtte frå stortalentet Ånon.

Er det blues? Er det verdsmusikk? Er det undergrunnspop? Det kan du nesten avgjera sjølv, for det er ikkje så viktig for Orions Belte å bli putta i bås. Dei speler instrumentalmusikk inspirert av nigeriansk rock frå 70-talet, postkort frå den franske rivieraen, Formel 1-løp på Monza-banen i Italia, og då Joe Frazier slo Muhammad Ali i «Fight of the Century» i 1971. Eklektisk og unikt, klarer du å høyra det for deg?

Orions Belte spelte sin aller første konsert på sjølvaste Øyafestivalen i 2018, og seinare same haust kom debutalbumet «Mint» til strålande kritikkar. 12. juli, berre få dagar før konserten på Vinjerock, kjem den nye EP-en «Slim».

På Vinjerock får Orions Belte med seg stortalentet Ånon. Dei vil spela låtar av begge, òg noko heilt nytt materiale. Me gler oss!