Ondt blod

torsdag 18.07 kl. 20.00
Ondt Blod Natur Session 01 BROEN . FOTO Terje Arntsen (1) Foto: Terje Arntsen
Ondt Blod Natur Session 01 BROEN . FOTO Terje Arntsen (1) Foto: Terje Arntsen

Ondt Blod knusar deg i trynet med blytunge riff, og løftar deg opp frå gjørma med uimotståelege refreng.

Som ei urkraft frå det høge nord suste Tromsø-bandet med røter i Kirkenes inn på den norske rockescena i 2013 med singelen «Frykt og avsky», og etablerte raskt ein kultstatus dei har halde fast på med fullengdarane "Finnmark" (2016) og "Natur" (2018). Til Eidsbugarden kjem dei med ryggsekken fullpakka med underjordiske trommebrekk og overjordiske gitarharmoniar, klare for å senda bølgjer gjennom fjellgrunnen denne sommaren.