No. 4

No4

No. 4 byr på både dans, tårar og allsang, og me gler oss til å ynskje dei velkomne til Eidsbugarden og Vinjerock til sumaren. På fem år har bandet rukke å bli eit av Noregs mest elska band. Med ærlighet, snert og ei unik evne til å sjå dei store historiane i det kvardagslege har No.4 gjeve ut to Spellemann-nominerte album og solgt tusenvis av billettar over heile landet. Det er tre år sidan sist me såg dei på Eidsbugarden, og i september i fjor ga dei ut si tredje plate som me gler oss til å danse i lyngen til!