Moon Hooch (US)

Moon Hooch  Foto: Kenneth Kearney
Moon Hooch Foto: Kenneth Kearney

Kor mange blåseinstrument tåler fjellheimen? Fleire. 

Ein eksplosiv horn-og-perkusjon-trio. Det er like rått og ukonvensjonelt som det høyres ut, når Moon Hooch inntek scena. Dei blas oss omtrent over ende då dei vitja Eidsbugarden for eit par år sidan. No er det på tide å late seg blåse over ende att, for kven kan vel motstå rytmisk saksofonrocking utpå sommarnatta? Velkomne tilbake, Moon Hooch! Eller "Welcome to the mountains" som me har høyrt nokon andre seie ein gong.