Miss Tati's Angola70

P186cwwx

Miss Tatikjem tilbake til fjellheimen, denne gongen med Angola70-prosjektet sitt. Den bergenske artisten har røter frå Angola, som var ein portugisisk koloni i 400 år. Då var det forbode å snakke nasjonalspråka. Med Angola70 tek Miss Tati tilbake makta gjennom å synge på både portugisisk og dei angolanske språka. Musikken er ein miks av pop og afropop som stammar frå nettopp Angola på 70-talet då det var borgarkrig i landet. Ho tek med seg eit knippe musikarar frå Bergen og det blir crispy perkusjonsinstrument, tydelege gitarar, sterk vokal og dødelege rytmer som har prega dansegolva verda over i lang tid. Det blir garantert både heitt, sveitt og god kok på festivalområdet til sommaren!

Foto: Sondre Eriksen