Malin Pettersen

MP Rosa 1

Den rykande ferske spellemannsvinnaren tek med seg sin americana til fjells. 

Malin Pettersen har vore godt kjend i amerikana-universet som vokalist og låtskrivar i bandet Lucky Lips, og i 2018 tok ho steget fram aleine og debuterte som soloartist. Albumet References Pt. 1 fekk strålande kritikkar, og tida etter albumslepp reiser ho land og strand rundt for å spele musikken sin. Du finn ho i musikklandskapet ein stad mellom pop, folk og amerikana. Me gler oss til å få kjensla av prærie og villhestar i fjellheimen!