MaidaVale (SV)

fredag 19.07 kl. 18.00
Iego 4Vq

Frå Sverige med rock. 

Som eitt av dei sterkast lysande banda i den nye generasjonen av psykedelisk musikk skapar kvartetten MaidaVale ein uhemma eksperimentell, kraut-inspirert rock som går bort frå det forventa og dannar ein heilt eigen atmosfære av lyd.

I 2016 slepte bandet debutalbumet «Tales of the Wicked West», som vart motteke med opne armar og leidde til intensiv turnering rundt om i Europa. På den andre fullengdaren «Madness Is Too Pure», følgjer MaidaVale opp med eit endå meir eksperimentelt og dynamisk lydbilete, og sikra bandet ein nominasjon til P3 Guld 2019 i kategorien Årets rock/metal.

MaidaVale har dei siste åra spelt på vidgjetne festivalar som Freak Valley, Desertfest Berlin, Duna Jam og Statement Festival, og blitt lovprisa som eit heilstøypt og samspelt liveband.