Lemaitre

Lemaitre Uten Grafikk

Etter å ha turnert over heile verda og spelt på scener som Coachella og Lollapalooza, kjem endeleg Lemaitre attende til Vinjerock. Den norske Los Angeles-baserte elektronika-duoen har hatt store hitar som «Closer», «We got you» og «Playing to loose». Dei lovar å ta med seg ny musikk til sin norske «familie» når dei kjem til Eidsbugarden. I tillegg ryktast det at dei tek med seg eit svært spelesugent band som består av blant anna full blåserekke og gitarist/P3-profil Markus Neby. 

Foto: Stephen Butkus