Kickslip

torsdag 18.07 kl. 22.00
20190519 Kickslip Main2019

Ønskereprise! Me er ikkje ferdigdansa til denne hårreisande dansbare trommeduoen.

Baard Kolstad og DJ Boge starta opp samarbeidet som eit hobbyprosjekt med fri utfalding i 2017, då under namnet DJ&DRUMS. Etter kvart som den energiske live-duoen vart populær på festival- og klubbscenar i inn- og utland innsåg dei at dei trengte eit nytt namn. Dermed vart Kickslip fødd.

Baard har sin bakgrunn frå metal, og denne energien har vist seg å passa bra i house- og klubbmusikk. DJ Boge har i eit tiår vore ein av dei mest anerkjente vinyl-DJ-ane i landet, og frekventerer ofte bak platespelaren på nokon av dei mest populære klubbane i hovudstaden. Saman har gutane blitt som eit band, og leverer hakeslepp, all-dans, ekstatisk klapp og hoi, fykande trommestikker og glovarm scratching. Du dansa gjerne rumpa av deg til duoen på Vinjerock 2018? Lat oss gjere det igjen denne sommaren.