KAMARA

KAMARA Foto: Ida Fiskaa
KAMARA Foto: Ida Fiskaa

Denne dama er kommen for å bli, sa anmelderane då 22 år gamle Fatumata Kamara entra Vill vill vest-scena i Bergen i 2019.

KAMARA syng eigne låtar med unik stemme og like særeigne tekstar. I sitt musikkunivers møter KAMARA verda med eit satirisk blikk, utfordrar normer og reglar, utforskar identitet, sjølv-kjærleik og ein sterkt generasjonsskifte i samfunnet.

Musikken hennar er reinspikka, fengande og ærleg pop. Det er karismatisk og dansbar musikk, som kjem til å få heile Eidsbugarden til å hoppe i takt. Velkommen til fjells, KAMARA!