Johanne Flottorp

fredag 19.07 kl. 15.00
20190519 Foto Heidi Furre2

EI spelekvinne med tæl. 

Johanne Flottorp frå Åmli er hardingfelespelar med eit kraftig og energisk spel. Ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, kombinert med det såre og vare der det høver betre. I 2018 gav ho ut si første soloplate, som blei nominert til Spellemannprisen i kategorien folkemusikk. Albumet er også den første hardingfeleplata som har kome ut på vinyl på fleire tiår.

Utanom å vere soloutøvar på hardingfele, spelar Johanne blant anna i Spellemann-nominerte The Northern Belle og plateaktuelle Ruby Red & the Moonshine Brothers og Raabygg.