ISÁK

01 ISÁK Promoshoot Fotograf Mads Suhr Pette 1

Dei har vore på alle sine lepper det siste året. Endeleg får me oppleve ISÀK på Vinjerock.

ISÁK har vore ein snakkis i den samiske musikkverda lenge, kjende for energiske konsertar og eit enormt nærvære på scena. Med ein ny og spanande fusjon av tradisjonell joik, urbane synthar og eit tekstunivers som kombinerer engelsk og samisk, dyttar dei grensene for korleis me er vane til å høyra samisk musikk. No er trioen frå Sápmi, med Stjernekamp-vinnar Ella Marie Hætta Isaksen i front, endeleg klare for å visa seg fram for resten av verda. I mars 2019 kjem trioen med sitt debutalbum, og i juli er dei klare for å ta Eidsbugarden med storm.

FOTO: Mads Suhr Pette