Hajk

torsdag 18.07 kl. 19.00
Hajk Foto: Johan Nord
Hajk Foto: Johan Nord

For fyrste gong er kritikarfavorittane Hajk å sjå på Vinjerock.

Debutalbumet frå 2017 skaffa Hajk brei anerkjenning langt utanfor landegrensene. No er dei tilbake med oppfølgjaren «Drama» – og sin første konsert på Vinjerock.

Med ei blanding av digtale og analoge lydar, tre lead-vokalister og ei handfull gjestemusikarar gjer Hajk alt i si makt for å gjennomføra dei ambisiøse ideane sine i musikken. På scenen er dei eit velolja musikalsk maskineri fullt av speleglede, groove og dynamikk. Me kan garantera sveitte, frysningar og at kjensleregisteret vil blir strekt i alle moglege retningar.

Ikkje gå glipp av Hajk på Vinjerock 2019!