Gabrielle

Gabrielle Uten Grafikk Ny

Gabrielle kjem attende til Eidsbugarden! Popdronninga har prega norske hitlister og radiobølger med låtar som «Fem fine frøkner», «Mer» og «Eg lover». Nyleg sleppte ho albumet «Snart, Gabby» som har trilla firarar og femmarar i fleire aviser. Ho har også utmerka seg som ein eineståande liveartist på scener over heile landet, noko Vinjerockarane fekk oppleve i 2017. No kjem ho endeleg igjen, og vi gler oss til nok ein fest på Eidsbugarden!

Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles